søndag 7. september 2008

debut

det er med glede eg opnar denne bloggen med vårt fyrste innlegg!
sidan eg ser mykje film, kjem det nok mange filmomtalar frå meg, som no. 
om det er det at eg er lite kritisk, eller berre alltid vel dei gode filmane veit eg ikkje. men det er svært sjeldan eg ser ein skikkeleg dårleg film. det burde vel gjerne ikkje vere den fyrste setninga til ein filmanmeldar, men kven bryr seg. eg håpar du set di lit til mine meiningar for dét om. 
denne gong kan eg på det sterkaste anbefale filmen "an american crime". når eg har sett gode filmar, klara eg ikkje heilt å leggje dei bak meg, og går og tenkjer på dei lengje etterpå, så som med denne. eg drøymde tilogmed om denne. dette er eit ganske så heilsvart drama basert på ei grusom, men sann historie frå 1965. syskjenparet sylvia (16) & jenny (15) likens vert sett hjå fattige gertrude baniszewski då foreldra deira skal reise avgarde med eit sirkus. gertrude har 7 born frå før og forsikrar hr. likens om at to barn frå eller til ikkje har noko å sei for henne og hushaldninga. ho skal få 20 dollar i veka for å passe likens-jentene. då denne betalinga ikkje kjem til avtala tidspunkt fyrste gongen, byrjar valden mot jentene. gertrude forklarar at ho ikkje har noko anna val enn å straffe dei. jenny har dårleg helse, så sylvia ber gertrude om å få ta straffa for systera. ein ser tidleg i filmen at gertrude må ha hatt alvorlege psykiske problem og heilt klart aldri skulle fått lov å ha ansvar for born. verken eigne eller andre sine. naboar må heilt klart ha fått med seg noko av det grusomme som hende i huset, men velde å overhøyre og ignorere dette. for det vert grusomt. sylvia vert utpeikt som syndebukken i huset, og gertrude tek ut all sinne og frustrasjon på den stakkars jenta, som vert svakare og svakare. den lokale presten er også innom for å høyre korleis det står til, sidan han ikkje har sett noko til sylvia på lenge. men gertrude kjem opp med løgna at ho har sendt sylvia på ungdomsheim, for ho var så vanskeleg. at dette er ei sann historie er vanskeleg å forstå. det er nok det som gjer filmen så bra. for særleg sannsynleg hadde historia ikkje vore dersom det var fiksjon. fantastiske skodespelarprestasjonar gjer også filmen perfekt. ellen page frå "juno" må vere ei av dei beste unge talenta me ser på film for tida, og ikkje ukjende catherine keener gjer ei så truverdig rolle at det er nifst. når du har sett denne filmen kan du gå på wikipedia og lese om historia og menneska. men ikkje gjer det før. det kan øydeleggje ein av dei beste filmane du har sett.

4 kommentarer:

Marianne sa...

Jeg derimot er som en flue til drit i videobutikken

Åse sa...

vel du dårlege filmar?

Marianne sa...

Jeg surrer bort til den mest stinkende drittfilmen. Hver gang. :D

Åse sa...

då er det jammen bra me har starta denne bloggen, så du kan få gode anbefalingar frå moi!