lørdag 29. august 2009

2 x diane krüger

kven kan ikkje like diane krüger? ho har ein perfekt, klassisk stil, og er ikkje minst ein fantastisk god skodespelar! dersom du skal ha ei roleg heime-med-snop-og-film helg kan eg anbefale to gode filmar med yndlingen vår. som tidlegare nemnt er eg svært glad i julefilmar, så ein av filmane heiter ikkje overraskande "joyeux noël" -eller god jul om du vil :) 
denne omhandlar 1.verdskrigen og me følgjer kampen mellom skottar, tyskerar og franskmenn frå skyttargravene. når julenatta kjem tar dei ein pause i kampane, kjem ilag og feirar jul saman som vener. diane spelar rolla som sopranen anna sörensen som syng saman med mannen sin for troppane.
 
ein utruleg god og gripande film, kor diane er nydeleg i flotte kostymer. 

den andre filmen handlar om nelson mandela sin fangevakt og heiter "goodbye bafana". fangevakten (joseph fiennes) og kona hans (krüger) bur saman med borna sine på fangeleiren robben island si solside, saman med andre kvite familiar. når me først møter vakten har han ingen sympati med dei svarte innsette, men i møtet med nelson mandela endrar han sakte meining og blir hans ven. diane overbeviser i rolla, og eg får inntrykk av at ho er som ein kameleon som kan tilpassa seg kvar ei rolle som blir gitt henne.
begge desse filmane kan lære ein litt om historia og er difor viktige. dersom ein i tillegg vil ha flotte kjolar og stilar å sjå på har du det du treng for flotte filmopplevingar! velbekomme.