Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg

tirsdag 10. august 2010

party i periferien

kva slags ferie er ein periferie tenkjer du kanskje no!? nei nei, periferifestivalen i glesvær tenkjer eg sjølvsagt på!
den er no til helga 13.-14. august heilt sør på sotra i sund kommune. i periferien altså.
her kjem det sjitmange bra folk, så dersom du har tjangs bør du hive deg på bussen og komme deg dit!

fredag:
19:40 Frank Hammersland/ Sgt. Petter/Christer Knutsen
20:55 Thom Hell
22:15 Casiokids
23:30 deLillos

laurdag:
13.30 Dørene opnar
14.00: Polkabjørn & Kleine Heine (Hovudscena)
14.30: BIL i naustet m/Ylvis (Naustet til Bakke) (!!!! åse komm.)
15.30: Vestlandsforteljingar (Gamlahuset)
15.30: Frode Grytten (Hovudscena)
15.45: Casiokids (Hovudscena)
16:30 Sondre Lerche i Naustet
17:15 Megafonic Thrift
18:15 Susanne Sundfør
19:00 Morten Abel i Naustet
19:30 Fjorden Baby
21:00 Thomas Dybdahl
22:30 Datarock
24:00 John Olav Nilsen & Gjengen

hallåh! hvajirumæj?!

www.periferifestivalen.no

lørdag 29. august 2009

2 x diane krüger

kven kan ikkje like diane krüger? ho har ein perfekt, klassisk stil, og er ikkje minst ein fantastisk god skodespelar! dersom du skal ha ei roleg heime-med-snop-og-film helg kan eg anbefale to gode filmar med yndlingen vår. som tidlegare nemnt er eg svært glad i julefilmar, så ein av filmane heiter ikkje overraskande "joyeux noël" -eller god jul om du vil :) 
denne omhandlar 1.verdskrigen og me følgjer kampen mellom skottar, tyskerar og franskmenn frå skyttargravene. når julenatta kjem tar dei ein pause i kampane, kjem ilag og feirar jul saman som vener. diane spelar rolla som sopranen anna sörensen som syng saman med mannen sin for troppane.
 
ein utruleg god og gripande film, kor diane er nydeleg i flotte kostymer. 

den andre filmen handlar om nelson mandela sin fangevakt og heiter "goodbye bafana". fangevakten (joseph fiennes) og kona hans (krüger) bur saman med borna sine på fangeleiren robben island si solside, saman med andre kvite familiar. når me først møter vakten har han ingen sympati med dei svarte innsette, men i møtet med nelson mandela endrar han sakte meining og blir hans ven. diane overbeviser i rolla, og eg får inntrykk av at ho er som ein kameleon som kan tilpassa seg kvar ei rolle som blir gitt henne.
begge desse filmane kan lære ein litt om historia og er difor viktige. dersom ein i tillegg vil ha flotte kjolar og stilar å sjå på har du det du treng for flotte filmopplevingar! velbekomme.



torsdag 12. mars 2009

going out -what to wear

på laurdag kryssest våre vegar att, og åse og marianne skal ut å gjera byen utrygg. sidan me skal på garage og sjå på nokre bandittar med mikrofon, reknar eg med att me må kle oss etter tilhøva -eller kva?

lørdag 15. november 2008

julefilm anyone?

i morgon ser eg verkeleg fram til å slappe av og sjå ein god film! etter ei travel veke blir det fint no. anbefaling av gode julefilmar mottast med takk!

fredag 12. september 2008

Det fins et lys i den mørke tunnelen sa Wenche Myhre

Jaja så her var vi igjen..endelig fredag og ser snart lyset i enden av min 60-timers arbeidsuke....en godtepose og litt Lady Gaga holder på å fordøyes så da blir alt snart bra. Kjøpte forresten en is isted - frutz - trodde vi var over det der koz og klemz greiene for en stund siden..jaja. Men var jo pinadøtte bær inni isen! :@ P-JUK! Har fått litt dilla på Lady Gaga denne uken, utrolig funky musikk og kunne jeg fått byttet stil for en dag så hadde hennes vært kul å prøve :) Nå håper jeg at storby-Jenny aka Åse kan leve ut helgelivet for meg og fortelle alt om det her på bloggen - VEEELDIG gjerne med antrekksbilder etc.!! Selv skal jeg rocke med en fiskegrateng snart haha slå den!