tirsdag 10. november 2009

eit pent par



LeAnn Rimes & Eddie Cibrian er nok eit eksempel på kjærestar som liknar på kvarandre. dessutan liknar dei også litt på eit anna par som liknar på kvarandre. berre sjå her.

mandag 28. september 2009

torsdag 10. september 2009

medan me ventar på betre tider...

...og då meiner eg sjølvsagt mai/juni 2010. når me endeleg kan ta på oss høge hælar, cocktailkjolen, sprette champagneflaska og gå på kino! eg ser ikkje den endelege premieredagen for noreg enno, men i usa kjem filmen 28. mai. eg snakkar sjølvsagt om sex and the city 2. denne skal etter bileta å døme ta oss med til 80 talet. tenk om me var på manhattan no du! sukk..

torsdag 3. september 2009

begge sider opp!

trening på bosu-ball eller "both sides utilized"-ball eller "both sides up"-ball (alt ettersom) er knallgodgod trening. når ein står på den ujevne ballen og gjer øvelsar styrkjer det ankelen og sikkert mange tusen andre musklar i foten og beinet. den trener også opp balansen. samtidig seier treningsinstruktøren min at dersom ein tar ti sit-ups på bosuen, er det som å ta hundre på golvet. det likar me! det me ikkje likar er at treningssenteret har tatt alle bosu-timane av plakaten denne hausten. dette skjønar eg ikkje sidan det var ein populær og svært effektiv time.
eg tok saken i eigne hender.
til fødselsdagen min tidlegare i år, fekk eg gåvekort på intersport frå jentene i klubben. eg hadde vel eigentleg tenkt å bruke dei på treningskler, men no tenkte eg at eg kunne jo kjøpe min eigen bosu-ball! som tenkt så gjort. sjølv om eg ikkje fekk med brukarmanualen for korleis eg skulle "blåse" den opp (FYY intersport sartor!) så står den nå tjukk og god på soverommet og berre ventar på neste treningsøkt. og -ja eg brukar den óg altså!

tirsdag 1. september 2009

veldig spesielt

igår skulle me ha ein matbete i byn før me skulle på kino. mannen foreslo "fruktbar", medan eg foreslo "kung fu". sistnemde viste seg å vera stengt og erstatta med ei kebabsjappe -og det utan at eg hadde fått tjangs å testa den ut. trist. fruktbar såg ut til å vera best på det flytande element, så me gjekk på "kafé spesial" istadenfor. dette er også ein plass eg aldri har vore før, og ligg midt i student-spiseri-suppa ved vektertorget. interiøret er mørkt, men intimt og koseleg. når me endeleg fekk fatt i menyane kunne me konstantere med at dei har mykje mat å velge mellom, og prisane er hyggelege. so far - so good! maten kom etter omtrent tjue minutt. mannen fekk tagliatelle med serrano skinke og litt saus, men mest parmesan såg det ut som. eg hadde bestilt vegetarlasagne -men fekk vanlig lasagne. med kjøt. veldig dumt. mannen gjekk tilbake med retten (for alt går føre seg ved kassen her) og sa at han hadde fått noko anna enn det han hadde bestilt. dama såg litt forvirra ut og sa: og du bestilte vegetarlasagne?! ja, det var det han gjore. ok, då ville det bli litt ventetid. det er ikkje slik her at dei lagar lasagnen frå bunn av. dei kuttar den ut ifrå ei stor "panne" går eg ut ifrå. så eg tenkte det var sikkert gjort i ein fei. imellomtida smakte eg litt på maten til mannen, og konstaterte med at den var noko smaklaus. det mangla også salt og pepar på bordet. eg las litt i avisa, og etter ei stund kom maten. eg hadde kanskje sett for meg at servitøren ville beklage seg. unnskyld at eg gjorde ein feil -at du måtte vente, eller noko slikt. men ho sa berre "det var ein vegetarlasagne". ok. den smakte heilt greit. den bar preg av å vere litt tørr, men på dette tidspunktet var eg så svolten at det gjekk inn på høgkant. me var ferdige og skulle gå. reiste oss og gjekk mot utgangen, men eg registrerte at servitøren stoppa mannen. etter ei stund kom han, og eg vart sjokka over det han sa; servitøren hadde sagt at han måtte betale for den andre lasagnen også. -men eg fekk jo feil! svarte han, -eg bestilte ein vegetar, men fekk vanleg. -ja kva skal vi gjere då? servitøren mumla til slutt at det fekk gå.
eg har aldri høyrt på maken!? eg gjekk inn her med positive kjensler, og går ut igjen og tenkjer at her vil eg aldri komme tilbake att. det verste er at dei har råd til oppføre seg sånn. denne plassen er tettpakka av studentar som ikkje har råd til å bry seg om dårleg service. og som kjem til å komme igjen og igjen og igjen...
det høyrer med til historia at me ikkje rakk kinoen.

hærland dussen



eg eeeelskar anne-kat! og etter dette bildet å døme, ser ho betre ut no enn nokonsinne! hår, kropp, sminke -perfekt! 
m e n    -sveitteringar. dette problemet har eg óg stadig vekk, så eg skal ikkje gjere narr av det, men det må då finnast eit triks for å sjule det når du veit at du kjem til å bli fotografert iløpetav kvelden?! ikkje veit eg, og det er kanskje greitt at me ser at kjendisar også er menneskelege. kanskje det no er in med sveitteringar? it's the new black liksom. 
anne-kat blir uansett betre med tida. ho eldest med hell. så lenge ho ikkje slankar seg på dop då.


lørdag 29. august 2009

2 x diane krüger

kven kan ikkje like diane krüger? ho har ein perfekt, klassisk stil, og er ikkje minst ein fantastisk god skodespelar! dersom du skal ha ei roleg heime-med-snop-og-film helg kan eg anbefale to gode filmar med yndlingen vår. som tidlegare nemnt er eg svært glad i julefilmar, så ein av filmane heiter ikkje overraskande "joyeux noël" -eller god jul om du vil :) 
denne omhandlar 1.verdskrigen og me følgjer kampen mellom skottar, tyskerar og franskmenn frå skyttargravene. når julenatta kjem tar dei ein pause i kampane, kjem ilag og feirar jul saman som vener. diane spelar rolla som sopranen anna sörensen som syng saman med mannen sin for troppane.
 
ein utruleg god og gripande film, kor diane er nydeleg i flotte kostymer. 

den andre filmen handlar om nelson mandela sin fangevakt og heiter "goodbye bafana". fangevakten (joseph fiennes) og kona hans (krüger) bur saman med borna sine på fangeleiren robben island si solside, saman med andre kvite familiar. når me først møter vakten har han ingen sympati med dei svarte innsette, men i møtet med nelson mandela endrar han sakte meining og blir hans ven. diane overbeviser i rolla, og eg får inntrykk av at ho er som ein kameleon som kan tilpassa seg kvar ei rolle som blir gitt henne.
begge desse filmane kan lære ein litt om historia og er difor viktige. dersom ein i tillegg vil ha flotte kjolar og stilar å sjå på har du det du treng for flotte filmopplevingar! velbekomme.



tirsdag 21. juli 2009

the Bearer of Bad News



Her har jeg fungert som en 'silent partner' på bloggen i ukesvis og så velger jeg å gjøre comeback med denne triste nyheten?? Men nå rapporteres det altså at Sarah Jessica Parker og hennes ektemann gjennom 12 år, Matthew Broderick, har valgt å gå hvert til sitt og flyttet fra hverandre. Det at paret fikk tvillinger for under én måned siden gjør ikke bruddet mindre sørgelig og viser én gang for alle at å få barn for å reparere et forhold er en nyttesløs idé... Åse Marifjæren Blog har valgt å ignorere diverse rykter som har versert rundt Matthews såkalte homoseksualitet og utenomekteskapelige affærer med yngre kvinner men nå er det kanskje på tide å se sannheten i øynene..? For vi har jo vel fremdeles Carrie og Mr. Big? Eller?

mandag 20. juli 2009

finn 5 feil


jan thomas ute med ungane? eg likar ikkje å gjere narr av han, men han har vel seg sjølv å takke når han står på denne måten

tirsdag 14. juli 2009

molly ringwald



det fortsett å kome ungar utav damer som har passert dei 40, så ingen grunn til panikk (for dei som måtte ha det).
me hugsar molly ringwald frå filmar som "the breakfast club" og "pretty in pink" frå det svunne 80 tal. på fredag fekk ho også tvillingar! åse marifjæren gratulerer sjølvsagt og byr på ein musikkvideo til ære for sjølvaste molly.


onsdag 8. juli 2009

she's a stalker now?

for ei veke sidan, då eg var på veg frå min faste pilatestime, måtte eg krysse vegen for å ta av til vegen opp mot huset vårt. eg fekk sola rett i fleisen då eg snudde meg for å sjå om det kom nokre bilar bak meg, men greidde likevel å skimte konturane av ei kvinne som kom bak meg. ei spe, litt hengslete kvinne med lysande hår som stod rett ut og opp, leiande på ein like hengslete hund. eg gjekk opp vegen, og la merke til at kvinna var like bak meg, men då eg skulle gå opp ein bratt bakke tok ho trappene istadenfor, liksom for å ta innersvingen på meg. så eg sette opp farten og låg framleis framføre henne då ho var ferdige med trappene. ho fortsette etter meg, heilt til eg var ved huset vårt. då tusla ho seg tilsynelatande intetanande forbi. og eg kunne ikkje slutte å tenkje på om ho veit at det finnest ein blogg med hennar namn her ute på verdsveven..

tirsdag 30. juni 2009

"what's your scary age?

-mine is 44" kunne carrie fortelje charlotte i satc. kan hende dette gjeld for verkeligheitas carrie også? sarah jessica parker har nemleg i ein alder av 44 fått tvillingjenter med mannen matthew broderick(47). dette er sjølvsagt ingen sak når ein kan låne ei anna kvinne si livmor, men det seiest at paret hadde vanskar med å klare det på eiga hand.
åse marifjæren sender sjølvsagt dei varmaste gratulasjonar til den lukkelege familien på fem!


tirsdag 16. juni 2009

tirsdag 7. april 2009

Off så sinna..



Du kødder ikke med en trønder.

torsdag 26. mars 2009

Lovin' It

Det finnes inget fransk ord for service. Og ingen spesialbehandling for celebriteter på McDonalds, ikke engang om kompisen din synger kjenningsmelodien.

fredag 20. mars 2009

Landeplage


Hvor fantastisk er ikke dette bildet?? Både jeg og Åse er stor fan av NRK nett-tv og Landeplage er et av programmene jeg av mer eller mindre uforståelige grunner ser på. Da jeg tidligere ikveld så hittil nyeste program, omhandlende Jørn Hoel og hans "Har en Drøm" gikk det opp for meg at Jørn faktisk var en megahunk back in the day!! Greit nok at jeg egentlig var aaalt for ung til å tenke på gutter da Jørn Hoel slo igjennom som popartist, men det stoppet meg jo ikke fra å være tilnærmet lik besatt av Morten Harket!?! Men den barske nordlendingen og hans sex-appeal gikk meg virkelig hus forbi. Til nå. Og nå er det strengt tatt for sent.

I programmet før dette, tok Ravi for seg landeplagen "When Susanna Cries", og jeg klarer jo selvsagt ikke å holde meg for god til å poste noen look-alike-montasjer...

Hadde Espen giddet å barbere seg før han satt der på bussen med Ravi, så hadde han muligens ungått denne montasjen..men nei, likheten er for god..



I sine yngre dager, under artistnavnet Sway, var stilen mer i retning the Rasmus-vokalist Lauri Ylönen (og jeg får seriøst litt dårlig samvittighet for å dra Lauri ned i sølen nå..).

http://www1.nrk.no/nett-tv/prosjekt/571


torsdag 12. mars 2009

going out -what to wear

på laurdag kryssest våre vegar att, og åse og marianne skal ut å gjera byen utrygg. sidan me skal på garage og sjå på nokre bandittar med mikrofon, reknar eg med att me må kle oss etter tilhøva -eller kva?

lørdag 28. februar 2009

Klin Lik


Thomas Seltzer og hans sikkerhetsbevisste tvillingsøster

tirsdag 10. februar 2009

observasjon

fredag 30. januar rundt 15.30 vart åse marifjæren observert utanfor garage med hunden sin, på veg over fotgjengarfeltet. ho hadde usedvanleg mykje hår, og sidan det bles, stod det rett opp!

onsdag 21. januar 2009

5 år!

vi i åse marifjæren blog vil gratulere vår vesle prinsesse ingrid alexandra så mykje med 5 årsdagen idag! hipp hipp hurra! vi kjem gjerne på kake :)

mandag 19. januar 2009

stor kjærleik!



endeleg! etter ei ventetid som verkar som fleire lange år er ein av mine favorittseriar tilbake. big love!
denne serien er heilt genial, men eg klarar likevel ikkje heilt å skjøne kva det er eg likar så godt med den. eg blir irritert og provosert når eg ser på livet som mormonerane lever, med kvinneundertrykkjing og bigami. likevel er det så glimrande skodepelarprestasjonar og ei så til tider uforståeleg og merkverdig historie som blir fortalt at eg berre følgje med!
god fornøyelse!

lørdag 17. januar 2009

nettopp ja

Noen ganger er et bilde nok til å få meg til å riste av latter. Dette bildet er nok.

Ingen sa det var lett å være fyllik. Eller å skille høyre fra venstre. Joaquin (Phoenix skjuler seg bak kraftig hårvekst) prøver her å si ha det til sin skuespillerkarriere og vil ha oss til å tro at han i samme sleng sier hallo! til sin rapkarriere.. Vil du se hvordan det går so far trykker du her. (Nederste video er klart best.)