torsdag 3. september 2009

begge sider opp!

trening på bosu-ball eller "both sides utilized"-ball eller "both sides up"-ball (alt ettersom) er knallgodgod trening. når ein står på den ujevne ballen og gjer øvelsar styrkjer det ankelen og sikkert mange tusen andre musklar i foten og beinet. den trener også opp balansen. samtidig seier treningsinstruktøren min at dersom ein tar ti sit-ups på bosuen, er det som å ta hundre på golvet. det likar me! det me ikkje likar er at treningssenteret har tatt alle bosu-timane av plakaten denne hausten. dette skjønar eg ikkje sidan det var ein populær og svært effektiv time.
eg tok saken i eigne hender.
til fødselsdagen min tidlegare i år, fekk eg gåvekort på intersport frå jentene i klubben. eg hadde vel eigentleg tenkt å bruke dei på treningskler, men no tenkte eg at eg kunne jo kjøpe min eigen bosu-ball! som tenkt så gjort. sjølv om eg ikkje fekk med brukarmanualen for korleis eg skulle "blåse" den opp (FYY intersport sartor!) så står den nå tjukk og god på soverommet og berre ventar på neste treningsøkt. og -ja eg brukar den óg altså!

2 kommentarer:

Marianne sa...

Haha den der vil jeg prøve etter et par cocktails ;)

Åse sa...

det kan du få lov til -og eg vil sjå på :p