tirsdag 1. september 2009

veldig spesielt

igår skulle me ha ein matbete i byn før me skulle på kino. mannen foreslo "fruktbar", medan eg foreslo "kung fu". sistnemde viste seg å vera stengt og erstatta med ei kebabsjappe -og det utan at eg hadde fått tjangs å testa den ut. trist. fruktbar såg ut til å vera best på det flytande element, så me gjekk på "kafé spesial" istadenfor. dette er også ein plass eg aldri har vore før, og ligg midt i student-spiseri-suppa ved vektertorget. interiøret er mørkt, men intimt og koseleg. når me endeleg fekk fatt i menyane kunne me konstantere med at dei har mykje mat å velge mellom, og prisane er hyggelege. so far - so good! maten kom etter omtrent tjue minutt. mannen fekk tagliatelle med serrano skinke og litt saus, men mest parmesan såg det ut som. eg hadde bestilt vegetarlasagne -men fekk vanlig lasagne. med kjøt. veldig dumt. mannen gjekk tilbake med retten (for alt går føre seg ved kassen her) og sa at han hadde fått noko anna enn det han hadde bestilt. dama såg litt forvirra ut og sa: og du bestilte vegetarlasagne?! ja, det var det han gjore. ok, då ville det bli litt ventetid. det er ikkje slik her at dei lagar lasagnen frå bunn av. dei kuttar den ut ifrå ei stor "panne" går eg ut ifrå. så eg tenkte det var sikkert gjort i ein fei. imellomtida smakte eg litt på maten til mannen, og konstaterte med at den var noko smaklaus. det mangla også salt og pepar på bordet. eg las litt i avisa, og etter ei stund kom maten. eg hadde kanskje sett for meg at servitøren ville beklage seg. unnskyld at eg gjorde ein feil -at du måtte vente, eller noko slikt. men ho sa berre "det var ein vegetarlasagne". ok. den smakte heilt greit. den bar preg av å vere litt tørr, men på dette tidspunktet var eg så svolten at det gjekk inn på høgkant. me var ferdige og skulle gå. reiste oss og gjekk mot utgangen, men eg registrerte at servitøren stoppa mannen. etter ei stund kom han, og eg vart sjokka over det han sa; servitøren hadde sagt at han måtte betale for den andre lasagnen også. -men eg fekk jo feil! svarte han, -eg bestilte ein vegetar, men fekk vanleg. -ja kva skal vi gjere då? servitøren mumla til slutt at det fekk gå.
eg har aldri høyrt på maken!? eg gjekk inn her med positive kjensler, og går ut igjen og tenkjer at her vil eg aldri komme tilbake att. det verste er at dei har råd til oppføre seg sånn. denne plassen er tettpakka av studentar som ikkje har råd til å bry seg om dårleg service. og som kjem til å komme igjen og igjen og igjen...
det høyrer med til historia at me ikkje rakk kinoen.

2 kommentarer:

Marianne sa...

æsj. for en tulleplass, håpløs service..takk for advarselen!

Åse sa...

ingen årsak!