mandag 28. september 2009

torsdag 10. september 2009

medan me ventar på betre tider...

...og då meiner eg sjølvsagt mai/juni 2010. når me endeleg kan ta på oss høge hælar, cocktailkjolen, sprette champagneflaska og gå på kino! eg ser ikkje den endelege premieredagen for noreg enno, men i usa kjem filmen 28. mai. eg snakkar sjølvsagt om sex and the city 2. denne skal etter bileta å døme ta oss med til 80 talet. tenk om me var på manhattan no du! sukk..

torsdag 3. september 2009

begge sider opp!

trening på bosu-ball eller "both sides utilized"-ball eller "both sides up"-ball (alt ettersom) er knallgodgod trening. når ein står på den ujevne ballen og gjer øvelsar styrkjer det ankelen og sikkert mange tusen andre musklar i foten og beinet. den trener også opp balansen. samtidig seier treningsinstruktøren min at dersom ein tar ti sit-ups på bosuen, er det som å ta hundre på golvet. det likar me! det me ikkje likar er at treningssenteret har tatt alle bosu-timane av plakaten denne hausten. dette skjønar eg ikkje sidan det var ein populær og svært effektiv time.
eg tok saken i eigne hender.
til fødselsdagen min tidlegare i år, fekk eg gåvekort på intersport frå jentene i klubben. eg hadde vel eigentleg tenkt å bruke dei på treningskler, men no tenkte eg at eg kunne jo kjøpe min eigen bosu-ball! som tenkt så gjort. sjølv om eg ikkje fekk med brukarmanualen for korleis eg skulle "blåse" den opp (FYY intersport sartor!) så står den nå tjukk og god på soverommet og berre ventar på neste treningsøkt. og -ja eg brukar den óg altså!

tirsdag 1. september 2009

veldig spesielt

igår skulle me ha ein matbete i byn før me skulle på kino. mannen foreslo "fruktbar", medan eg foreslo "kung fu". sistnemde viste seg å vera stengt og erstatta med ei kebabsjappe -og det utan at eg hadde fått tjangs å testa den ut. trist. fruktbar såg ut til å vera best på det flytande element, så me gjekk på "kafé spesial" istadenfor. dette er også ein plass eg aldri har vore før, og ligg midt i student-spiseri-suppa ved vektertorget. interiøret er mørkt, men intimt og koseleg. når me endeleg fekk fatt i menyane kunne me konstantere med at dei har mykje mat å velge mellom, og prisane er hyggelege. so far - so good! maten kom etter omtrent tjue minutt. mannen fekk tagliatelle med serrano skinke og litt saus, men mest parmesan såg det ut som. eg hadde bestilt vegetarlasagne -men fekk vanlig lasagne. med kjøt. veldig dumt. mannen gjekk tilbake med retten (for alt går føre seg ved kassen her) og sa at han hadde fått noko anna enn det han hadde bestilt. dama såg litt forvirra ut og sa: og du bestilte vegetarlasagne?! ja, det var det han gjore. ok, då ville det bli litt ventetid. det er ikkje slik her at dei lagar lasagnen frå bunn av. dei kuttar den ut ifrå ei stor "panne" går eg ut ifrå. så eg tenkte det var sikkert gjort i ein fei. imellomtida smakte eg litt på maten til mannen, og konstaterte med at den var noko smaklaus. det mangla også salt og pepar på bordet. eg las litt i avisa, og etter ei stund kom maten. eg hadde kanskje sett for meg at servitøren ville beklage seg. unnskyld at eg gjorde ein feil -at du måtte vente, eller noko slikt. men ho sa berre "det var ein vegetarlasagne". ok. den smakte heilt greit. den bar preg av å vere litt tørr, men på dette tidspunktet var eg så svolten at det gjekk inn på høgkant. me var ferdige og skulle gå. reiste oss og gjekk mot utgangen, men eg registrerte at servitøren stoppa mannen. etter ei stund kom han, og eg vart sjokka over det han sa; servitøren hadde sagt at han måtte betale for den andre lasagnen også. -men eg fekk jo feil! svarte han, -eg bestilte ein vegetar, men fekk vanleg. -ja kva skal vi gjere då? servitøren mumla til slutt at det fekk gå.
eg har aldri høyrt på maken!? eg gjekk inn her med positive kjensler, og går ut igjen og tenkjer at her vil eg aldri komme tilbake att. det verste er at dei har råd til oppføre seg sånn. denne plassen er tettpakka av studentar som ikkje har råd til å bry seg om dårleg service. og som kjem til å komme igjen og igjen og igjen...
det høyrer med til historia at me ikkje rakk kinoen.

hærland dussen



eg eeeelskar anne-kat! og etter dette bildet å døme, ser ho betre ut no enn nokonsinne! hår, kropp, sminke -perfekt! 
m e n    -sveitteringar. dette problemet har eg óg stadig vekk, så eg skal ikkje gjere narr av det, men det må då finnast eit triks for å sjule det når du veit at du kjem til å bli fotografert iløpetav kvelden?! ikkje veit eg, og det er kanskje greitt at me ser at kjendisar også er menneskelege. kanskje det no er in med sveitteringar? it's the new black liksom. 
anne-kat blir uansett betre med tida. ho eldest med hell. så lenge ho ikkje slankar seg på dop då.