tirsdag 16. september 2008

augustins stive

det er sjeldan eg går på augustins. det er kanskje usant sidan eg har vore der to gonger i løpet av dei to siste månadane, men før det var det omtrent 9 år sidan sist gong. den gong var eg med marianne, dina og are mellom andre. nokre folk eg gjekk i klasse med. det er augustin conditori og lunchsalon i femte etasje på galleriet det er snakk om. den er ein ynda stad for småbarnsforeldre har eg forstått. dei djupe stolane er gode å amma i og dei har eit leikeromm som er heilt villt! tru meg. dessutan er det ikkje langt til stellerommet. dette er truleg dei beste grunnane til å gå på augustins. eg og bitten var her på laurdag med lille ella. me var svoltne alle tre, og salatbaren freista veldig. bitten bestemte seg for å mikse eigen salat, medan eg var litt skeptisk, og usikker på kva eg skulle velje. hektoprisen på 25,- for salaten lydde ikkje så gale, men då bitten hadde tatt på ei skei med kinakål, ei skei med potetsalat, og eit par pastarøyr var den skrekkelege sum av 78,- NOK eit faktum. då rekna me med at fatet også var kjøpt og betalt! eg på mi side hadde framleis valet; salat eller noko heilt anna. det vart det siste. ein dobbel americano, to små kjeks og ein grov scone til 37,-! men det var ikke så vel heller. for då hadde ho sjølvsagt gløymt å slå inn sconen. akk. den smakte heilt greitt. kaffien og kjeksen var smakfulle begge to. sistnemnde minna om jul og koselege ting, det hjelpte på! men for all del –eg og bitten og ella hadde det veldig koseleg vi!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Jippi:) Velkommen til bloggernes verden;) dere er herved lagt til i min blogger-jeg-besøker-jevnlig-liste:D

Marianne sa...

:D Så bra!

Åse sa...

jej! du må sjekka ut marianne sin blogg óg: http://designoginspirasjon.blogspot.com/
mücket bra!

Unknown sa...

En award venter forresten til dere på min blog i dag:D