tirsdag 21. oktober 2008

omforlatelse

eg har ikkje hatt noko særleg lyst til å sjå "atonement". den godeste keira knightley har ein tendens til å bli litt mykje dersom du skal tibringe ein halv kveld med henne. motspelaren hennar james mcavoy derimot, kan vere verdt å sittje inne heile dagen for. traileren har heller verka mot sin hensikt på meg, eg fekk ikkje lyst til å velje denne filmen.
likevel gjorde eg det. ein grå og keisam kveld då utvalet ikkje var altfor stort i utleigehylla. og filmen var alt anna enn grå og keisam. handlinga går føre seg på årets varmaste dag, -og det er nett så ein kan ta og føle på det. fargane, lyset, den døsige stemninga. livet er så herleg, inntil vendepunktet kjem i form av ei anklage. vesle briony tallis på 13 år er eit "sikkert" vitne til ei grusom hending. konsekvensane vert store for helten vår robbie turner(mcavoy) som vert utpeikt som valdtektsmann. han har ein gryande romanse på gang med briony si syster; cecilia tallis(knightly) som han no må skiljast frå. 
vi føl briony i tre periodar i livet hennar. det er ikkje enkelt å leggje bak seg det som hende den varme sommardagen. kva var det eigentleg ho såg? det einaste ho vil er å treffe systera og robbie for å be om forlatelse når ho innser kva ho har gjort. 
gode skodespelerar, interessant historie, fantastisk regi og scenografi gjer dette til ei perle av ein film! 

3 kommentarer:

Marianne sa...

Hah! Traileren hadde faktisk akkurat samme effekt på meg, jeg hadde hørt masse om filmen men da jeg så traileren var jeg med ett uinteressert. Du, derimot har tent gnisten og ganske mulig dette blir neste film jeg leier:)

Åse sa...

jej! mission completed! :D

Åse sa...

legg forresten gjerne merke til den grøne kjolen til kiera i filmen.