fredag 31. oktober 2008

korleis gjere ein dag perfekt

i morgon er det duka for den store kinodagen og eg gler meg som ein unge! eg har skaffa oss billettar til heile tre filmar, så me har eit tett program. det byrjar med "gjensyn med brideshead" klokka 14.00. ein britisk film som har fått svært gode omtaler. ser fram til denne! rett etterpå, nærare bestemt 16.10, finn me oss forhåpentlegvis i ein annan sal for å sjå "tropic thunder". eg trur det passar perfekt med ein komedie etter seriøs britisk drama, og sidan ben stiller er ein av mine favorittar satsar eg på at denne óg blir bra! sidan me no ikkje har hatt pause mellom dei to filmane har me lagt inn ein matpause på omlag tre timar. eg har ein mistanke om at me er mette av snop og popcorn men... me avsluttar kinokvelden med "gomorra" som handlar om mafiaen i napoli. blir morosamt å sjå om me kjenner oss igjen. det er sjølvsagt ikkje hovudgrunnen til at me vel den. 
for å gjere den allereie perfekte dagen betre, startar eg den med ein frisørtime klokka 11.00.
o lukke!

1 kommentar:

Marianne sa...

Hehe håper du får din perfekte dag da! ;)