torsdag 17. november 2011

lily i forkleding

eg har oppdaga realityserien/dokusåpa om/lily allen og syster hennar sarah som startar eigen bedrift "lucy in disguise" og har store planar om eigen butikk. konseptet er ein bruktklesbutikk der ein kan leige kleda, som er handplukka av jentene -ofte vintage designarklede. eg synest ideen er heilt genial og hadde verkeleg benytta med av tilbodet om det hadde vore i nærleiken. men jentene er nybyrjerar når alt kjem til alt. dei gjer alt for første gong og lily allen er jo alt anna enn ein firkanta person. systera ser ut til å ha levd eit heilt liv i ein alder av 30 år. gir meg lyst til å tråle bruktklesbutikkar ut og inn! anbefalast!