mandag 16. august 2010

folk flest ser film

ein kjapp filmanbefaling her frå meg. filmen om se&hør; "en helt vanlig dag på jobben" er faktisk ein overraskande god film! eg hadde ikkje lese boka og ikkje høyrt veldig mykje om filmen på førehand, men alle har jo eit forhold til se&hør anten dei vil vedgå det eller ikkje. eg óg. no må eg ærleg inrøme at eg nærast grøssar når eg ser det i butikkhyllene eller går forbi det ved kassen. eg kan ikkje tenkje meg å kjøpe dette bladet fleire gonger.
filmen er dønn ærleg og det er vel forfattaren håvard melnæs også. vi får sjå korleis bladet arbeidar for å få historiane sine og kor råtne folka som jobbar der ser ut til å ha blitt. eg tvilar ikkje eit sekund på jon øigarden som spelar odd johan nelvik, og den stakkars stakkars sven o. høiby som blir spela heilt brilliant av ingar helge gimle.
du vil sikkert få eit anna forhold til se&hør (eller "folk flest" som det heiter i filmen) etterpå.

Ingen kommentarer: