
tirsdag 21. juli 2009
the Bearer of Bad News

mandag 20. juli 2009
finn 5 feil
tirsdag 14. juli 2009
molly ringwald

det fortsett å kome ungar utav damer som har passert dei 40, så ingen grunn til panikk (for dei som måtte ha det).
me hugsar molly ringwald frå filmar som "the breakfast club" og "pretty in pink" frå det svunne 80 tal. på fredag fekk ho også tvillingar! åse marifjæren gratulerer sjølvsagt og byr på ein musikkvideo til ære for sjølvaste molly.
onsdag 8. juli 2009
she's a stalker now?
for ei veke sidan, då eg var på veg frå min faste pilatestime, måtte eg krysse vegen for å ta av til vegen opp mot huset vårt. eg fekk sola rett i fleisen då eg snudde meg for å sjå om det kom nokre bilar bak meg, men greidde likevel å skimte konturane av ei kvinne som kom bak meg. ei spe, litt hengslete kvinne med lysande hår som stod rett ut og opp, leiande på ein like hengslete hund. eg gjekk opp vegen, og la merke til at kvinna var like bak meg, men då eg skulle gå opp ein bratt bakke tok ho trappene istadenfor, liksom for å ta innersvingen på meg. så eg sette opp farten og låg framleis framføre henne då ho var ferdige med trappene. ho fortsette etter meg, heilt til eg var ved huset vårt. då tusla ho seg tilsynelatande intetanande forbi. og eg kunne ikkje slutte å tenkje på om ho veit at det finnest ein blogg med hennar namn her ute på verdsveven..
Abonner på:
Innlegg (Atom)